Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 3530 Kverneland næringspark

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 09.04.2018, sak 15/18, vedteke detaljreguleringsplan for Kverneland næringspark - sentrumsformål med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket er annonsert i Jærbladet 27.4.2018.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.12.2017 til 22.01.2018. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 01.12.2017. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 01.12.2017.

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet.
Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje
tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

Dokumenter til planen:

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planbeskrivelse

ROS analyse

Uttale til offentleg ettersyn

Fråsegn offentleg ettersyn

Svar Detaljregulering

Illustrasjonar

Støyrapport

Handelsanalyse

Trafikkanalyse

Særutskrift av møtebok 1. gongs behandling