Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 3510 - Orstad felt B1

KUNNGJERING VEDTEKEN PLAN - PLANID 3510 - REGULERINGSPLAN (DETALJ) FOR ORSTAD FELT B1

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 18.06.2018, sak 47/18, vedteke detaljreguleringsplan for Orstad Felt B1 med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket er annonsert i Jærbladet 29.juni 2018.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 3.7.2017– 28.8.2017. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 3.7.2017. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 29.6.2017.

Under finn du og saksframlegget med kommentarar og vurdering av merknader som kom inn i høyringsperioden.

Utskrift av møtebok frå Kommunestyret

Vedteke plankart

Vedteken planbeskrivelse

Vedtekne planbestemmelsar

Merknader til offentleg ettersyn

ROS-analyse

Støyrapport frå Sinus

Illustrasjonar

Utskrift møtebok sak 52/17

 

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må vere sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkjetek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.