Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 2020005 Kommunehus og kyrkje

Klepp kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for kommunehus og kyrkje, planid 2020005.

 Sjå planområde

Planen skal legge til rette for ombygging og rehabilitering av eksisterande rådhus og bygging av ny kyrkje med tilhøyrande parkering. Planområdet har tidlegare blitt områderegulert.

 

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under Forskrift om konsekvensutredninger.

 

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 5. juli 2020.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for samfunn og kultur og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for samfunn og kultur”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.