Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 2019016 - Loen på Kleppe - Detaljregulering

Klepp kommune varslar oppstart av detaljregulering for Loen på Kleppe.

Planområdet grensar inntil nyleg vedteken detaljregulering for Kleppelundvegen 1/1792 m.fl. (PlanID 1770) og påbegynt detaljregulering for ny barneskule ved Kleppeloen, (PlanID 1860). Alle delar av planområdet er tidlegare regulert, m.a. i reguleringsplan for Kleppelunden frå 1997 og under regulering av omkøyringsvegen fv 44 i ny trasé med tunnel under Kleppevarden i 2003.

Hovudutval for samfunn og kultur vedtok tysdag 26. november å endre vegnamnet for den vestre delen av Kleppelundvegen til Loen. Bakgrunn for namneendringa er at Kleppelundvegen blei delt i to då omkøyringsvegen med Kleppetunnellen opna i 2007.

 

Intensjonar for planarbeidet

Planarbeidet skal styrke inngangen til Kleppeloen med å legge betre til rette for gåande og syklande. Parkering for Kleppeloen skal flyttast nærmare innkøyringa frå Solavegen.

Det blir lagt opp til sambruk av parkering for Kleppeloen med Kleppeloen skule for å samle areal til parkering. Det skal etablerast ein ny tilkomst til Kleppeloen langs det nyleg regulerte bustadområdet. Den nye tilkomsten blir også skuleveg til Kleppeloen skule for dei som kjem frå Verdalen og delar av Kleppe.

Gangvegen skal samtidig auke samfunnstryggleiken ved å sikre ein alternativ tilkomst for utrykkingskøyretøy til skulen og ved arrangement i Kleppeloen.

Skulebussen frå Horpestad til Kleppeloen skule skal nytte eigen snuplass der parkeringa ligg i dag. Resten av eksisterande parkering skal tilbakeførast til grønstruktur for å styrke Kleppeloen som det viktige friluftsområdet for Kleppe.

Heile planområdet er tidlegare regulert. Rådmannen foreslår ei opprydding for å styrke Kleppeloen som det viktige friluftsområdet for Kleppe. Areal til parkering skal flyttast nærmast hovudvegnettet og areal som blir ledig skal tilleggjast grønstrukturen.

Overvatn frå byggefeltet og den nye skulen skal fordrøyast i ei open blå-grøn løysing som ein permanent vasspegel. Ei blågrøn løysing vil samtidig auka naturmangfaldet i Kleppeloen. Det skal utgreiast opning av bekken som i dag er lagt i røyr gjennom området.

Det ligg eit gardstun utan aktiv drift midt i planområdet. Bygningane blir regulert til bustader i samsvar med kommuneplanen. Detaljreguleringa skal legge opp til høg arealutnytting. Det vert planlagt ei løysing med punktbygg (blokk) for å ivareta krav om utnytting og gje rom for gode uteareal.

Klepp kommune vil leggje vekt på at eksisterande steingardar og vegetasjon, m.a. ei trerekke langs sykkelvegen skal integrerast og takast vare på i utforminga av byggjeområdet.

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under Forskrift om konsekvensutredninger.

 

INFORMASJONSMØTE

Klepp kommune inviterer til informasjonsmøteom planarbeidet torsdag 12. desember
kl 18.00
i Formannskapssalen på Klepp rådhus.

 

Varsel om forhandlingar om utbyggingsavtale

Planarbeidet skal m.a. detaljere eit mindre bustadområde som er vist i kommuneplanen. I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 varslar difor Klepp kommune at det blir forhandla fram ein utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanarbeidet.

 

Merknader/synspunkt kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 5. januar 2020.

Klepp kommune skal behandla denne detaljreguleringa samtidig med allereie varsla detaljregulering for ny barneskule ved Kleppeloen. Avgrensinga mellom desse to arealplanane kan bli justert.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for samfunn og kultur og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Plansaka vil venteleg bli lagt fram til politisk behandling i møte i hovudutval for samfunn og kultur tysdag 28.01.2020. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under POLITIKK OG INNSYN → Møtekalender og politiske saksdokument → Hovudutval for samfunn og kultur. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.