Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1870 Bustader i Olav Hålandsveg

Varsel om oppstart av reguleringsplan - planID 1870 - bustader i Olav Hålandsveg - Kleppe.

Klepp kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for bustader i Olav Hålands veg, Kleppe.

Planområde

Planen skal legge til rette for bygging av kommunal barne- og avlastingsbustad og private tilrettelagte bustader.

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2017-06-21-854: Forskrift om konsekvensutredninger.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil først bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 10. august 2018.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for lokal utvikling”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.