Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1870 Bustader i Olav Hålands veg

Offentleg ettersyn

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 09.04.2019, sak 28/19 å legge områderegulering for Bustader i Olav Hålands veg på Kleppe med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 22.3.2019, ut til offentleg ettersyn.

Planen skal legge til rette for bygging av kommunal barne- og avlastingsbustad og private tilrettelagte bustader. Forslaget blir lagt fram som områderegulering og viser byggjeområde for offentleg eller privat tenesteyting. O_BOP2 skal detaljregulerast på eit seinare tidspunkt. Planforslaget viser nye kollektivhaldeplassar i Olav Hålands veg og samanhengande sykkelveg med fortau langs vestsida av Jærvegen.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 11. juni 2019.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Dokumenter

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale

ROS-analyse