Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1860 Ny barneskule ved Kleppeloen

Klepp kommune varslar oppstart av reguleringsarbeid:
Detaljregulering for ny barneskule ved Kleppeloen, planID 1860.

Planområde

Planprogram

Planavgrensing

Notat til Fylkesmannen

 

Detaljreguleringa skal vise byggjeområde for ny barneskule.

Planarbeidet kjem inn under «Forskrift om konsekvensutredninger». Forslag til planprogram for konsekvensutgreiing er lagt ut til offentleg ettersyn. Forslag til planprogram og oppstartsvarsel ligg på Klepp kommune si heimeside 

Oppstart av planarbeidet er og varsla i Jærbladet.

Merknader/synspunkt til varsel om planoppstart kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 10. august 2018.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under POLITIKK OG INNSYN → Møtekalender → Hovudutval for lokal utvikling. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.