Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1850 - Kommunehus, kyrkje og aktivitetspark - Kleppe sentrum

Klepp kommune varslar oppstart av områdereguleringsplan for kommunehus, kyrkje og aktivitetspark - Kleppe sentrum. PlanID 1850.

 

Områdereguleringa skal vise byggjeområde for kommunehus og kyrkje, og avklare grønstrukturen med aktivitetspark. Plassering av ein sentral busshaldeplass, gangsamband mot Jærhagen og flaumvassleidning i Jærvegen er også tema for planarbeidet.

 

Områdeplanen skal avklare rammer for ein arkitektkonkurranse for kommunehuset og kyrkja. I planen vil det bli stilt krav om detaljregulering av dei enkelte byggjeområda før byggearbeid kan ta til.

 

Planarbeidet kjem inn under FOR-2017-06-21-854: Forskrift om konsekvensutredninger. Det er utarbeidd forslag til planprogram for konsekvensutgreiing. 

 

Merknader/synspunkt kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 22. juni 2018.

 

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under POLITIKK OG INNSYN → Møtekalender og politiske saksdokument → Hovudutval for lokal utvikling. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

 

Planprogram for områderegulering for kommunehus, kyrkje og aktivitetspark, Kleppe sentrum