Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1840 Kornvegen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 17.12.2018, sak 87/18, vedteke detaljregulering for Kornvegen 56 på Kleppe med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket er annonsert i Jærbladet 11.01.2019.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 07.09.2018 – 22.10.2018. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 07.09.2018. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 07.09.2018.

Plandokument:

Særutskrift av møtebok frå kommunestyret

Særutskrift av møtebok frå hovudutval for lokal utvikling

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale

Sol-skugge-forhold

 

Informasjon om klage: Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.