Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

PlanID 1830 Kleppevarden vest BK18

OFFENTLEG ETTERSYN - PLANID 1830 - REGULERINGSPLAN (DETALJ) - KLEPPEVARDEN VEST BK 18 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 19.02.2018, sak 4/18, vedteke detaljreguleringsplan for Kleppevarden vest BK 18 med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 09.03.2018.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 03.11.2017 – 21.12.2017. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 03.11.2017. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 31.10.2017.

Vedteken plan med bestemmelsar og planomtale finn du under.

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planbeskrivelse

Illustrasjonar

Solaplanar

 

Informasjon om klage:

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter kunngjering.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune, til postmottak@klepp.kommune.no eller til Klepp kommune, Postboks 25, 4358 Kleppe. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.