Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1810 - Jærvegen sentrum sør

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 17.06.2019,sak 46/19, vedteke områderegulering for Jærvegen sentrum - sør med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 28.0.2019.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden  07.09 – 22.10.2018. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 07.09.2018. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 04.09.2018.

Informasjon om klage: Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

 

Dokumenter:

Utskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale

ROS-analyse

Støyrapport

Merkader etter offenleg ettersyn

1. gongs behandling