Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1800 Nyland

KUNNGJERING VEDTEKEN PLAN, PLANID 1800, REGULERINGSPLAN (OMRÅDE) FOR NYLAND, KLEPPE

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 18.09.2017, sak 44/17, vedteke områdereguleringsplan for Nyland - Kleppe med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 03.11.2017.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 09.06 – 04.08.2017. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 09.06.2017. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 08.06.2017.

Dokumenter i saka:

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale

Konsekvensutgreiing

 

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet.
Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje
tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.