Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 1770 - Detaljregulering Kleppelundvegen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte 02.09.2019, sak 82/19, vedteke detaljregulering for Kleppelundvegen 1/1792 m/fleire, med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 29.04.2019 – 11.06.2019. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 29.04.2019. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 29.04.2019.

Informasjon om klage: Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok imot dette brevet. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

 

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok kommunestyret

Utskrift av møtebok hovudutval for lokal utvikling

Plankart nivå 1

Plankart nivå 2

Planomtale

Planbetemmelsar

Innkomne merknader

Støyrapport

Illustrasjonsplan