Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Orstadparken

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan

 

Klepp kommune varslar oppstart av områdeplan for
PlanID 3490, Reguleringsplan (områdeplan) Orstadparken.

Formålet med områdeplanen er å legge til rette for boligbygging og barnehage med tilhørende grøntområder. Deler av planområdet vil ha en detaljeringsgrad tilsvarende detaljregulering

Kart som visar planområdet

Planområdet er i høringsforslag til kommuneplan for Klepp kommune 2014-2025 disponert til boligformål, grøntstruktur, turdrag mot Figgjoelva og offentlig område (barnehage) i tråd med kommunedelplan Bybåndet Sør. Meir spesifikt er planområdet vist som del av felt Kb3 med utbygging frå 2022 og utover.

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR 2009-06-26 nr 855: Forskrift om konsekvensutredninger.

Iht. plan- og bygningsloven § 17-4 gis det også melding om at det vil bli forhandlet fram utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanen.

Du kan også finne alle dokumentene registrert i saka via smartportalen vår, og sende oss synspunkt/merknader elektronisk direkte derfra, eller til postmottak@klepp.kommune.no. Føretrekk du å sende dei inn i brevsform sendes det til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 04.08.14.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under "politikk"/ "sakspapir til hovudutval for lokal utvikling" Sjå vedlagt "Saksgang ved regulering" om vidare saksgang.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.