Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Detaljregulering Orstad Felt B1 - PlanID 3510

Offentleg ettersyn

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 20.06.2017, sak 52/17 å legge detaljregulering for Orstad Felt B1, planID 3510 med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 15.05.17, ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget er utarbeidd av Klepp Prosjektering AS og viser bustader i rekkehus og i 4- og 6- mannsbustader med tilhøyrande parkering og private, felles og offentlege uteareal.

Planforslaget med alle vedlegg ligg under:

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale

Illustrasjonsplan

ROS-analyse

Støyrapport

 

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 blir det og varsla at det blir forhandla fram utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanarbeidet.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 28.08.17.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.