Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Plan 1780 Område ved Kleppheimen

OFFENTLEG ETTERSYN, PLANID 1780, DETALJREGULERINGSPLAN FOR OMRÅDET VED KLEPPHEIMEN

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 12.12.2017, sak 113/17 å legge detaljreguleringsplan for området ved Kleppheimen med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget viser to bustadblokker mot Jærvegen og ei bustadblokk mot Prestevegen. Planen blir lagt ut til høyring i to alternativ med ulik høgde på bustadblokkerne. Planforslaget viser også kvartalsleikeplass og ei større utviding av Kleppheimen både mot nord og sør.

Kommunen skal forhandle fram ein utbyggingsavtale med dei private utbyggjarane parallelt med reguleringsarbeidet.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 09.02.2018.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informerte om planarbeidet.

 

 Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok sak 113/17
Plankart nivå 1
Plankart nivå 2 alt A
Plankart nivå 2 alt B
Planbestemmelsar  
Planbeskrivelse
Utdrag frå kommunedelplan for Kleppe sentrum
Innkomne merknader
Utskrift av møtebok – orientering og avklaring av prinsipp for detaljreguleringsplan for området ved Kleppheimen
ROS-analyse
Illustrasjonsplan trinn 1
Illustrasjonsplan trinn 2
Illustrasjonsplan trinn 3
Snitt A og B
Fasadeoppriss
Sol/skygge
Støyrapport
Brev frå Terje Wiig på vegne av Idar Håland
Sol og skugge ved Kleppheimen