Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Ny kyrkje PlanID 1790

Klepp kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for PlanID 1790, reguleringsplan for ny kyrkje på Kleppe.

Oversiktskart med planavgrensing og forslag til byggjegrense finn du her.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bygging av ny kyrkje

Oppstart av regulering for same område er tidlegare varsla gjennom PlanID 1620 - Detaljregulering for ny kyrkje og gravlund på Kleppe. På grunn av motsegn frå Riksantikvaren angåande plasseringa av ny kyrkje i aksen vest for den eksisterande kyrkja, vart området mellom eksisterande kyrkje og fylkesvegen teke ut av planen. Planen for gravplassen vart vedteken 18.5.2015. Arbeidet med reguleringsplan for ny kyrkje vert no starta opp igjen, med byggesone i den søre delen av planområdet.

 

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2014-12-19-1726: Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven.

 

Oppstart av planarbeidet blir varsla i Jærbladet og på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under ”BYGG, MILJØ OG NÆRING” → Reguleringsplanar →” Varsel om regulering”.

Merknader/synspunkt til varsel om planoppstart kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller

Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe,

innan 21. september 2016.

 

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for lokal utvikling”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.