Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Ny Kyrkje og gravplass på Klepp

Offentleg ettersyn

 

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 08.04.2014, sak 33/14 å leggja forslag til reguleringsplan for "PlanID 1620- Ny kyrkje og gravlund på Kleppe" med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 10.08.2012, justert 20.3.2014 ut til offentleg ettersyn.

Planarbeidet skal avklare plassering av ei ny kyrkje ved den eksisterande kyrkja aust for Orrevegen, samstundes med regulering av den nye gravplassen vest for Orrevegen. Riksantikvaren kom i desember 2012 med motsegn mot kommunen si plassering av kyrkja i område K2 vis à vis Linstow-kyrkja frå 1846. Administrasjonen har utgreidd den alternative kyrkjeplasseringa som Riksantikvaren, under visse vilkår, kan akseptere. Hovudutval for lokal utvikling blei orientert om alternativet i utvalsmøte den 4. mars 2014. Med bakgrunn i orienteringa bad utvalet administrasjonen om å jobbe vidare med den opphavlege plasseringa av ei ny kyrkje nord i planområdet, vis à vis kyrkja frå 1846.

Direkte link til saksframlegg og vedlegg framlagt i møte, i Hovudutval for lokal utvikling.

Direktelink  til smartportalen

Du kan og finne alle dokumenta registrert i saka på www.klepp.kommune.no under diverse → Kart/smartportal, og sende oss synspunkt/merknader elektronisk frå her. Føretrekk du å sende dei inn skriftleg, send dei til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 23.06.14.