Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ny barneskule ved Kleppeloen - planid 1860

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 11.05.2020 , sak 32/20, vedteke detaljregulering for ny barneskule ved Kleppeloen med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 15.05.2020.

Reguleringsplanen med bestemmelsar og planomtale var lagt ut til offentleg ettersyn i tida 31.01.-15.03.2020. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i Jærbladet 31.01.2020, i brev til offentlege instansar, grunneigarar og naboar, datert 31.01.2020 og publisert på kommunen si nettside. Frist for tilbakemeldingar vart sett til 15.03.2020.

Vedteken plan med bestemmelsar og planomtale finn du på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under «Kunngjering» → «Reguleringsplanar» → «Nyleg vedtekne planar». Der finn du og saksframlegget med kommentarar og vurdering av merknader som kom inn i høyringsperioden.

 

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje
tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

 

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok

Plankart

Planomtale

Planbestemmelsar