Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kleppevarden Vest endring

Offentleg ettersyn

 Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 20.01.2015, sak 11/15 å leggje forslag til "Reguleringsplan for Kleppevarden Vest – endring", med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 10.12.2014, ut til offentleg ettersyn.

Saka gjeld ny tilkomstveg til Kleppevarden vest. Bustadfeltet blei regulert i 2013 med 126 bueiningar. Endringsforslaget gjer at trafikken går utanom Kjengaren. Tiltakshavar Teambygg A/S kjem med forslag om å auke talet for bueiningar med 20 til ca 146. Auken består i omprosjektering frå 4-mannsbustader til lågblokk og frå einebustad til hus i kjede/rekkehus.

 Direkte link til saksframlegg og vedlegg framlagt i møte.  (inkl kart)

Alle kan følgje saksgangen, og finne alle arkiverte dokumenter i saken via SMART portalen. Synspunkt/merknader kan du sende via Kart/Smartportal eller i brev til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 27.03.15.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.