Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kleppevarden vest - endring - vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.06.2015, sak 41/15, vedteke detaljreguleringsplan for Kleppevarden vest- endring med tilhøyrande planomtale og planbestemmelsar.

Den godkjente planen blei annonsert i Jærbladet den 10.07.2015.

Forslag til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 28.01-15.03.2015. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i Jærbladet den 30.01.2015. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 28.01.2015.

Vedteken plan med bestemmelsar og planomtale finn du på www.klepp.kommune.no, under ”BYGG, MILJØ OG NÆRING” → Reguleringsplanar →” nyleg vedtekne planar”. Der finn du og saksframlegget med kommentarar og vurderingar av merknader som kom inn under offentleg ettersyn. Dokument i papirformat kan ein få i ekspedisjonen for lokal utvikling på rådhuset.

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast 3 veker etter at du tok i mot dette brevet.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløsing eller erstatning i medhold av planen, må vere lagt fram seinest 3 år fra datoen du tek i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.