Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kleppestemmen endring

Kunngjering vedteken plan

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 17.11.2014 , sak 53/14, vedteke  "PlanID 1461-Reguleringsplan(detalj) - Kleppestemmen endring felt 16-19" med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 26.05.14.

Reguleringsplanen gjeld endring av gjeldande reguleringsplan 1460 Kleppestemmen, felt 16-19. Reguleringsendringa har fått planID 1461. Endringane i reguleringsplanen er omtalt med illustrasjonar i planomtalen. Endringane er i hovudsak auka tal på bueiningar i felt 18 og 19, ny tilkomst og parkeringskjellar i felt 19, samt utviding av område for leik mellom felt 18 og 19. Støyvollar langs samlevegen er endra til støyskjerm. Endringar i felt 16 og 17 er allereie godkjende som dispensasjon i byggjesøknad og er teke med for å justere reguleringsplanen. 

Reguleringsplanen med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn i tida 20.06.14-03.09.14.Høyringa vart varsla i annonse i aviser 25.06.14 og i brev til offentlege instansar, grunneigarar og naboar, datert 20.06.14. og publisert på kommunen si nettside. 

Vedtaksdokument

Smartkommunekart med liste som visar alle dokumenta registrert i saka

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.