Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kleppe Nord

Offentleg ettersyn

 

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 14.10.14, sak 71/2014 å leggja forslag til ”PlanID 1720-reguleringsplan(detalj)- Kleppe nord”, med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 20.09.2014, ut til offentleg ettersyn.

Direkte link til saksframlegg og vedlegg framlagt i møte, i Hovudutval for lokal utvikling.

Saka gjeld regulering av areal til handel/næring i området nord for eksisterande kjøpesenter Jærhagen. Utvidinga er planlagt med felles tilkomst og felles uteareal med eksisterande handelsområde. Det er lagt til rette for eit felles varemottak for det eksisterande og det nye handelsarealet.

Tilkomstveg til Jærhagen skal forlengast og koplast saman med veg nord for Kleppetunet.
Gang- og sykkelveg frå Jærhagen og Sirkelen skal forlengast heilt fram til bru over fv 44 til Sørhellet nord for planområdet.

Kleppekanalen blir lagt om og får eit nytt løp gjennom eit i nytt parkdrag ved å ta i bruk kommunalt areal ved Sirkelen. Den nye parken vil knytte delar av Kleppe sentrum saman med Verdalen. Kanalprofilen blir utvida for å tåle 1000 års flaum.

Du kan finne alle dokumenta registrert i saka, og følgje vidare saksgang på www.klepp.kommune.no under diverse → Kart/smartportal, og sende oss synspunkt/merknader elektronisk derfra. Føretrekk du å sende dei inn skriftleg, send dei til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 01.01.15.

Direkte link til kart/smartportalen