Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kilehaugen Vest-9/58 og 123 med fleire

Kunngjering av vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 09.02.2015 , sak 2/15, vedteke "Plan ID 3470 - detaljreguleringsplan for Kilehaugen vest "med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 06.02.2014, revidert 16.01.2015.

 

Kommunestyret vedtok feil plankart i møte 09.02.2015. Planen var oppe til ny behandling, og blei vedtatt på nytt i Klepp kommunestyre 18.5.2015 i sak 28/15.

Melding om vedtak vart kunngjort i Jærbladet 19.6.2015.

 

Planforslaget er ein detaljplan som legg til rette for fortetting i eit bustadområde på Orstad, langs fv 505. I området er det i dag to einebustadar. Det blir lagt til rette for åtte nye bueiningar i planområdet, med tilhøyrande parkering, renovasjonsanlegg, og veganlegg. Det er også planlagt bilfri tilkomst til leikeplass i planområdet via grønstruktur. Planområdet er om lag 5,7 dekar, området som omfattar bustadar med vegar og anlegg er rett under 3 dekar.

Direkte link til saksframlegg og vedlegg framlagt i kommunestyremøtet.

Direktelink til smartportalen (for å sjå alle saksdokument)

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.