Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Jærvegen sentrum sør

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERLING


Klepp kommune varslar oppstart av områderegulering for PlanID 1810 Jærvegen Kleppe sentrum sør. Formålet med planarbeidet er å lage ein samordna plan for heile området. Planen skal vise løysingar for gåande og syklande, biltrafikk, grønstruktur og flaumhandtering.


Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2014-12-19-1726: Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven.

Oppstart av planarbeidet er og varsla på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under ”BYGG, MILJØ OG NÆRING” → Reguleringsplanar →” Varsel om regulering”.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil først bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 5. april 2017.

 

Plankart