Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Hovedvannledning gjennom Klepp, planid 8220

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 22.06.2020, sak 40/20 , vedteke detaljregulering for hovedvannledning gjennom Klepp med tilhøyrande planomtale og planbestemmelsar.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 03.07.2020.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 28.06.2019 – 02.09.2019. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 28.06.2019. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 28.06.2019.

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for samfunn og kultur. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

 

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok - sluttbehandling

Plankart

Planomtale

Planbestemmelsar

Merknadsbehandling

Fylkesmannen - trekking av motsegn

Utskrift av møtebok - 1. gongsbehandling