Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Gang og sykkelveg langs fv 507 Orre - Hå grense

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan

 

I samsvar med § 12-8 i plan og bygningslova melder Statens vegvesen at det no blir satt i gang arbeid med detaljregulering av gang- og sykkelveg langs fv. 507 (Nordsjøvegen) i Klepp kommune på strekninga mellom fv. 247 ved Orre og kommunegresa mot Hå kommune. Målet med planarbeidet er primært å sikra vegstrekninga for syklande og gåande.

Gang- og sykkelvegen vil truleg bli planlagt på vestsida av Nordsjøvegen. Det vil bli planlagt 3,0 m bredde på grøft mellom kjørebana og gang- og sykkelvegen på strekningar med fartsgrense 70 og 80 km/t. Mindre breidde på grøfta vil verta vurdert på strening der fartsgrensa er 60 km/t. Fartsgrensene på vegstrekninga skal ikkje endrast.

I reguleringsarbeidet vil ein og sjå på plassering av busslommer, stenging/omlegging av av kjørsler til fv. 507 og andre tiltak som vil betre tryggleiken for dei køyrande.

Klepp kommune har vurdert at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing fordi tiltaket ikkje fører til vestentleg verknad for miljø og samfunn etter dei kriteria som kjem fram i § 4 i forskrift om konsekvensutgreiingar.

Førebels avgrensing av planområdet er vist med stipla strek på kartet. Planområdet vil bli redusert når tiltaket er detaljplanlagt.

Merknader i samband med reguleringsplanarbeidet skal sendast til Statens vegvesen, Askedalen 4, 6863 Leikanger, innan 10. mai 2012.

Kontaktperson i planarbeidet er: Harald Abrahamsen, tlf 51911415 / 95437725, e-post: harald.abrahamsen@vegvesen.no