Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Gang- og sykkelveg Lalandsvegen

Offentleg ettersyn

GANG OG SYKKELVEG - LALANDSVEGEN - REGULERINGSPLAN PLANID 8200

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 21.04.2015, sak 40/15 å legge detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Fv 252 Lalandsvegen med tilhøyrande planomtale og planbestemmelsar, alle datert 27.03.2015, ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget er ein detaljreguleringsplan utarbeidd av Klepp kommune som viser ein gang- og sykkelveg langs fv 252 Lalandsvegen mellom Tu og Klepp stasjon. Gang- og sykkelvegen går frå søraust-sida av Lalandsvegen på Tu og over til nordvest-sida omlag 250 m nord for krysset med Postvegen for å unngå inngrep i fornminner og redusere inngrep i opparbeida gårdsrom mest mogleg. Gang- og sykkelvegen blir regulert fram til eit punkt om lag 200 sørvest for Austhallet på Klepp stasjon. Vidareføring av gang- og sykkelvegen mot Engelsvoll skule skal avklarast under regulering av område 32 (Klepp stasjon vest) som ligg i kommuneplanen med oppstart for utbyggingen i 2018.

INFORMASJONSMØTE

Som del av offentleg ettersyn inviterer Klepp kommune til ope informasjonsmøte

Måndag 22.juni kl 18 i auditorium på Tu skule.

Kommunen skal presentere planforslaget.

Møtet er ope for alle.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 03.08 2015.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Lenke til saksframlegg og vedlegg i hovudutvalsmøtet 21.04.2015