Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Eskervegen 1-5, Tjøtta Nord

Kunngjering vedteken plan

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.09.2014 , sak 42/14, vedteke "PlanID 6290-Reguleringsplan ( detalj)- Eskervegen 1-5 Tjøtta Nord"  med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 26.06.14.

Saka gjeld samlokalisering av Brødrene Kverneland AS si bilverksemd lokalisert på Tjøtta. Ford/Mazda flytta til området i 2010, og no skal Volvoavdelinga følgje etter. Planen omfattar bilforretning, parkeringsområde og tilkomst.

Vedtaksdokument

Smartkommune med liste som visar alle dokumenta registrert i saka.

Reguleringsplanen med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn i tida 10.02.14-26.03.14, for så å bli forlenga til 02.05.14 då det viste seg at dei offentlege instansane ikkje hadde motteke varselet. Høyringa vart varsla i annonse i Jærbladet 14.02.14, i brev til offentlege instansar, grunneigarar og naboar, datert 10.02.14 og publisert på kommunen si nettside.

Kommunen inviterte til ope informasjonsmøte på Tu skule onsdag, 05.03.14. Det møtte 6 personar.

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.