Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Endring - Industrivegen Kleppe stasjon - Planid 2019017

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 har Klepp kommunestyre i møte den 11.05.2020, sak  30/20, vedteke endring av reguleringsplan for Industrivegen, Klepp stasjon, med tilhøyrande planbestemmelsar og planbeskrivelse.

 

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 15.05.2020.

 

Reguleringsplanen med bestemmelsar og planomtale var sendt på høyring i brev til berørte partar i datert 22.01.2020. Frist for tilbakemeldingar vart sett til 14.02.2020.

 

Vedteken plan med bestemmelsar og planomtale finn du på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under «Kunngjering» → «Reguleringsplanar» → «Nyleg vedtekne planar». Der finn du og saksframlegget med kommentarar og vurdering av merknader som kom inn i høyringsperioden.

 

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

 

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje
tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

 

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok

Plankart

Planomtale

Planbetemmelsar