Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Detaljregulering for Loen - PlanID 2019016

Hovudutval for samfunn og kultur vedtok i møte den 28.01.2020, sak 3/20 å legge detaljregulering for Loen på Kleppe med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 15.01.2020, ut til offentleg ettersyn.

Planen skal legge til rette for bygging av to bustadblokker i samsvar med kommuneplan. Forslaget blir lagt fram som detaljregulering og viser byggjeområde for bustadblokker med tilhøyrande renovasjonsanlegg og uteopphaldsareal. Planforslaget viser og ein løysning for ope vatn, som vil fungere som eit fordrøyingsbasseng og ny turveg inn til Kleppeloen.

INFORMASJONSMØTE
Som del av offentleg ettersyn inviterer Klepp kommune til eit ope informasjonsmøte tysdag 18. februar, klokka 18.00 i formannskapssalen på Klepp rådhus.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 15.03.2020. Skriv «Uttale PlanID 2019016» som overskrift for å sikre at uttalen blir arkivert til rett sak.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for samfunn og kultur og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Dokumenter i saka

Utskrift av møtebok

Plankart 1 under bakkeplan

Plankart 2 over bakkeplan

Planbestemmelsar

Planomtale

ROS-analyse

Støyrapport