Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Detlajregulering fv 505 Frøyland bru

I samsvar med plan - og bygningslova § 1 2 - 8 melder Statens vegvesen om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for ny Frøyland bru, og fortau langs fv. 505 Orstadvegen og Kvernelandsvegen i Time og Klepp kommuner.

Planområdet omfattar ein vegstrekning på omlag 700 meter. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for betre trafikktryggleik og auka kapasitet på strekninga.

Utviding av Frøyland bru er eit prioritert prosjekt. Dagens bru er om lag 4,5 meter brei og kan karakteriserast som einfeltsveg. Dette gjer at Frøyland bru i dag er ein flaskehals for fv. 505.

Vegen har ein viktig funksjon blant anna som alternativ veg for fv. 44. Dagens utforming er spesielt utfordrande for næringstrafikk og vogntog som brukar fv.505. Det skal vurd erast

behov for å utbetre dagens gang - og sykkelveg i området ved brua.

I dag er det ikkje fortau langs vestsida av fv. 505, mellom Frøyland bru og Kverneland sentrum.

Kryssing av fv. 505 skjer langs heile strekninga, noko dei som bur langs vegen opplever som utrygt. Det vil difor no bli planlagt for samanhengande fortau på vestsida frå Frøyland bru og sørover fram til eksisterande fortau.

Høyring og vidare prosess

Relevant informasjon ligg tilgjengeleg på: www.vegvesen.no/fylkesveg/fv505froylandbru

Dokumentet er også lagt ut på www.vegvesen.no ”Offentlige høyringar vegprosjekter”.

Kommunane har vurdert at tiltaket ikkje medfører krav om konsekvensutgreiing.

Det blir arrangert ope informasjonsmøte onsdag 30. august 2017 kl 19.00 på Kvernaland samfunnshus, Gamle Åslandsvegen 7, 4355 Kvernaland. Vel møtt til alle interesserte!

Det vil også bli høve for å uttale seg når forslag til reguleringsplan blir lagt ut på høyring/offentleg ettersyn

Merknader kan sendast innan fristen til:

Statens vegvesen Region vest

Askedalen 4

6863 LEIKANGER

eller til: firmapost - vest@vegvesen.no

Ver venleg og merk merknader med: « 1 6/97549 »

Kontaktperson: Trine Hystad på tlf. 901 71 1 54 eller e - post: trine.hystad@vegvesen.no