Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Bustader i Olav Hålandsveg, Kleppe, PlanID 1870

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 18.11.2019, sak 122/19 , vedteke områdereguleringsplan for Bustader i Olav Hålands veg - Kleppe med tilhøyrande planomtale og planbestemmelsar.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 05.02.2019.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 09.04.2019 – 11.06.2019. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 29.04.2019. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 29.04.2019.

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok - kommunestyret

Utskrift av møtebok - 1. gongs behandling

Plankart, vedteke 18.11.19

Planbestemmelser, vedteke 18.11.19

Planomtale, vedteke 18.11.19

Innkomne merknader