Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Bore kyrkje og gravplass med tilhøyrande anlegg, planid 2020002

Klepp kommune varslar oppstart av detaljregulering for Bore kyrkje og gravplass med tilhøyrande anlegg, planid 2020002.

 

Planforslaget omfattar eksisterande kyrkje og gravplass og skal leggje til rette for utviding av parkeringsplass og gravplass, og nytt kyrkjelydhus. Planområdet er i samsvar med kommuneplanen.

 

Bore kyrkje ligg ved fv. 510, Solavegen, på Bore nord for Figgjoelva. Sørlegaste del av planområdet grenser til omsynssone for vassdrag og for grønstruktur.

 

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 blir det og varsla at det kan bli forhandla fram utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanarbeidet.

 

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under Forskrift om konsekvensutredninger.

  

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan3. juni 2020.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for lokal utvikling”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

 

Planområde