Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barneskule ved Kleppeloen - PlanID 1860

Hovudutval for samfunn og kultur vedtok i møte den 28.01.2020, sak 2/20 å legge detaljregulering for ny barneskule ved Kleppeloen på Kleppe med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 15.01.2020, ut til offentleg ettersyn.

Planen skal legge til rette for bygging av ny barneskule ved Kleppeloen. Forslaget blir lagt fram som detaljregulering og viser byggjeområde for offentleg tenesteyting. Planforslaget viser løysningar for veg og parkering og gang- og sykkelveg i tilknyting til skulen og Kleppeloen.

INFORMASJONSMØTE
Som del av offentleg ettersyn inviterer Klepp kommune til eit ope informasjonsmøte tysdag 18. februar, klokka 18.00 i formannskapssalen på Klepp rådhus.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 15.03.2020. Skriv «Uttale PlanID 1860» som overskrift for å sikre at uttalen blir arkivert til rett sak.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for samfunn og kultur og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

 

Dokumenter i saka

Utskrift møtebok.pdf

Plankart.pdf

Planbestemmelsar - planid 1860.pdf

Planomtale med konsekvensutgreiing - planid1860.pdf

ROS-analyse.pdf

Planprogram.pdf

Brev frå fylkesmannen - Lokalisering av skuletomt.pdf

Klimasats-søknad Kleppeloen skule.pdf