Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Riskjellvegen 1 - Stasjonsvegen 5

Kunngjering vedteken plan

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.09.2014 , sak 41/14, vedteke "PlanID 1660-Riskjellvegen 1 - Stasjonsvegen 5 med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 28.10.13 og justert 20.06.14.

Reguleringsplanen legg til rette for 12 bustadar i rekke, 4 einebustadar, veganlegg og felles uteareal og renovasjonsanlegg, samt etablering av gangtrasear gjennom feltet. Tilkomst skjer via Riskjellvegen. Planområdet er på om lag 5,5 dekar.

Vedtaksdokument

Smartkommunekart med liste som visar alle dokumenta registrert i saka

Reguleringsplanen med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn i tida 14.02. til 26.03.14. Høyringa vart varsla i annonse i Jærbladet 14.02.14, i brev til offentlege instansar, grunneigarar og naboar, datert 07.02.14 og publisert på kommunen si nettside.

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.