Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Reguleringsplanar

Varsel om regulering

 
PlanID 2019007 Orstad hageby Detaljplan 30.08.2019
PlanID 1860 Ny barneskule ved Kleppeloen Detaljplan 10.08.2018
Fv 505 Frøyland bru Detaljplan 06.07.2017
Reguleringsplan fv 44 Braut - Re PlanID 6310 Detaljplan 10.03.2017
Mindre bustadfelt Tu gnr/bnr 17/5 PlanID 6300 Detaljplan  28.08.2015

Offentleg ettersyn

PlanID 8220 - Hovedvannledning vest - IVAR

Detaljplan

02.09.2019

PlanID 4280 - Anda - Klepp stasjon

Regulering

02.09.2019

Under behandling

PlanID 1770 - Kleppelundsvegen Detaljplan 11.06.2019
PlanID 1870 - Bustader Olav Hålands veg Detaljplan 11.06.2019
PlanID 1880 - Idrettsvegen - Myrvegen Detaljplan 24.05.2019
PlanID 4320 G/S Lalandsvegen, nordre del Detaljplan 05.04.2019

Nyleg vedtekne planar

PlanID 1780 - Området ved Kleppheimen Detaljplan 17.06.2019
PlanID 1810 - Jærvegen sentrum sør Regulering 17.06.2019
PlanID 1850 - Kommuehus, kyrkje og aktivietespark Regulering 17.06.2019
PlanID 6320 - Gang og sykkelveg Lalandsvegen Sør Detaljplan 04.02.2019

SMART-portalen

Reguleringsplanar og dokument tilhøyrande planane kan du og finne på: 

eByggWeb. 

eller

WebInnsyn.

Vedtekne planar eldre enn 6 månadar (vedtaksdato) finn du via SMART kartportalen.

Finne gjeldande plan for ein eigedom

Korleis finne gjeldande plan for ein eigedom

*Merk at dersom det fins fleire av mappene 'Navn:' under 'Planbehandlinger' under planinformasjonen, så kan det føreligge mindre endringar i planen. Ein bør då sjekke om desse endringane rører ved den aktuelle eigedommen. Mappene er sortert kronologisk, og siste endring ligg nedst.

Dersom det ikkje kjem opp nokon reguleringsplan for det aktuelle området, er området mest sannsynleg uregulert, eller du må søke på plannamn eller plannummer i WebInnsyn. Under fana 'Plansøk' i venstre kolonne kan ein hake av for 'gjeldende' under plantype kommuneplan (ev. kommunedelplan). Arealdelen til kommune(del)planen vil då vise i kartutsnittet.

I uregulerte område er det bestemmelsane til arealdelen til kommuneplanen som gjeld. Tiltak i uregulerte byggeområde er i utgangspunktet ikkje tillate, og søknad om tiltak kan medføra krav om regulering eller dispensasjon frå plankravet i kommuneplanen. For bl.a. LNFR-område og område for fritidseigedommar gjeld eigne bestemmelsar.

Kommuneplanen 2014 - 2025 (plankart og bestemmelsar m.m.) finn du her

Reguleringsplanar under arbeid

1. I eByggWeb vel du fana 'Plan- og byggesaker'.

2. Vel kartlaget 'Reguleringsplaner under arbeid'. Planområda viser på kartet.

3. Klikk på det aktuelle planområdet, og vel 'Vis detaljer' i vindauget som opnar seg.

På tidslinja nederst kan du sjå kor langt behandlinga av reguleringsplanen har kome. Ved å klikke på linja kan du få tilgang til saksdokument tilknytta milepælen.

 

Bestilling av kartdata

Kartdata for planarbeidet kan bestillast i god tid før oppstartsmøte, via ein førespurnad til postmottak@klepp.kommune.no. Hugs å namngje rett fakturaadresse. Du kan få utlevert data for eit større område (til analysebruk og 3D), men du vil kun bli fakturert for data som er naudsynt for å fremja planen.

hoydedata.no kan ein laste ned høydedata (frå 2016) som punktsky eller grid til bruk ved prosjektering. (Meny for nedlasting finn du til venstre i skjermbiletet som kjem opp.)