Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Medverking

Kva er medverking?

Som innbyggar i Klepp kan du seie di meining om korleis me skal utvikla Klepp. Medverking er di moglegheit og rett til å bidra med kunnskap. Du kan melda inn behov og utfordringar, legga fram ønske og bekymringar som du synest er viktig å få med.

Dette kallast «medverking i planprosessar» fordi samfunnsutvikling skjer gjennom å laga planar og følga dei opp.

Planlegginga skjer gjennom kommuneplanen, som legg overordna føringar for korleis Klepp skal bli – via områderegulering og ned til detaljplanane, som legg rammer for utviklinga innafor mindre, konkrete områder i Klepp. Til samen blir dette ein planprosess, med fleire moglegheiter for å medverka undervegs.

Derfor bør du medverka – bli vår rådgjevar

Dine innspel er viktige. Me treng at du deler din lokalkunnskap og dine ønske, og uttrykker di meining om planforslag som er ute på høyring. Dine innspel blir ein del av kunnskapsgrunnlaget kommunen lagar forslag til dei overordna planane, som kommuneplan og områdereguleringar.

Ditt bidrag i planprosessen kan ha verknad på sluttresultatet, men den endelege beslutninga tar politikarane. Dei vedtar planar og bestemmer korleis kommunen skal utviklast. Du har derfor medbestemmelse gjennom kommunevalet, mens du kan medverka i planar for å gje politikarane eit best mogleg grunnlag for å ta avgjersler.

Korleis kjem du med innspel?

Alle planforslag skal gje deg moglegheit til å komma med innspel minst to gonger: ved varsling av planoppstart og ved offentlig ettersyn (høyring). Du finn varsel om dette her: https://www.klepp.kommune.no/politikk-og-innsyn/kunngjeringar/
Klepp kommune nyttar ofte også annonser i lokalavisa til slike kunngjeringar.

Mange planforslag, og særleg store planforslag, legg også til rette for ekstra medverknad for å sikra at alle det gjeld blir høyrde tidleg i saka. Dette kan være ekstra informasjons- og dialogmøte, spørjeundersøkingar eller workshops.

Jo tidlegare du engasjerer deg i ein planprosess, jo betre. Då er sjansen større for at dine innspel påverkar planen. Det er spesielt viktig at du seier meininga di når planer er til offentleg ettersyn.