Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Teiknekonkurranse 2018

*****************************************************

TIL ALLE BARN I KLEPP

Vil du teikna ordføraren sitt julekort?

Alle barn i Klepp kommune blir med dette inviterte til å delta i ordføraren sin teiknekonkurranse. Tema i år er Glede.

Vinnarteikninga vil bli motiv på ordføraren sitt julekort for 2018.

  • Teikninga må vera på eit A4 ark.
  • Bruk sterke fargar, det blir finast når julekortet skal trykkast.
  • På baksida skriv du namn, adresse, telefonnummer, alder og kva skule eller barnehage du går på.
  • Ikkje brett teikninga og skriv tydelege bokstavar.

Lever teikninga i ekspedisjonen på rådhuset innan torsdag 22. november eller send den til:

Klepp kommune
Pb 25
4358 Kleppe

Merk konvolutten med «Julekort». 

vinnarteikning 2017
Vinnarteikninga i 2017 blei laga av Ine Storhaug 7 år.