Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Vil du teikna ordføraren sitt julekort?

Vinnarteikninga blir motiv på ordføraren sitt julekort for 2017.

Temaet er JUL PÅ JÆREN.

Teikninga må vera på eit A4 ark.
Bruk sterke fargar, det blir finast når julekortet skal trykkast.
På baksida skriv du namn, adresse, telefonnummer, alder og kva barnehage eller skule du går på.
Ikkje brett teikninga og skriv med tydelege bokstavar.

Alle barn i Klepp kommune kan levera sitt bidrag.

Send teikninga til:
Klepp kommune, PB 25, 4358 KLEPPE
og merk konvolutten med "Julekort",
eller lever den i ekspedisjonen på rådhuset.

Vi må ha teikninga innan fredag 24. november. Vinnaren vil bli kontakta.


Vinnar teikninga i 2016 ble laga av Solvår Egeland frå Bore skule.