Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Søk barnehageplass

Søknad om barnehageplass

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år. Me har samordna opptak for alle kommunale og private barnehagar. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen blir liggande på venteliste, og ein vil få svar dersom det blir ledig plass.

Søknad om barnehageplass for barnehageåret 2019/2020 i Klepp kommune gjer ein elektronisk via MinID.

Søknad om barnehageplass

For å ha rett til barnehageplass etter § 12 "Lov om barnehagar" må barnet vera busett i Klepp kommune, vera født før 01.12.2018 og søknaden må vera levert innan fristen. Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november kan etter ønske starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år. 

Barnehagar i Klepp

 Svar på barnehagesøknad

Svar på barnehagesøknad - hovedopptak 

Alle som har rett på barnehageplass får svar innan 5.april.

Svar på søknad - utanom hovedopptak

De får ikkje anna svar frå oss før de evt. får tildelt plass i ein barnehage

Evt. spørsmål kan rettast til: kate.eiken.ravndal@klepp.kommune.no tlf. 51 42 97 35.

Pris

Foreldrebetaling barnehage

Betaling

Makspris i barnehage, fastsett av regjeringa, er kr. 32.890,- pr år. Dette er i Klepp kommune fordelt på betaling i 10 måneder, slik at juli og august vert betalingsfrie månader.

MODERASJONSORDNINGAR - redusert foreldrebetaling

Regjeringa vedtok 17. april 2015 at ingen skal betala meir enn 6 % av husstanden si samla personlege inntekt i barnehagebetaling. Makspris i barnehage, fastsett av regjeringa er kr. 32.890,- pr. år, er nå beløpet som vert lagt til  grunn, slik at den nye ordninga gjeld dei med ei samla personleg inntekt under kr 533 500.

Barn født i 2013, 2014, 2015 og barn med utsett skulestart har rett til 20 timar gratis opphald i barnehage pr. veke. Dette gjeld for familiar/ hushaldningar som har ei samla inntekt på mindre enn kr 533 500.

Hvis du har meir enn ett barn i barnehage i same kommune, skal du ha reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld sjølv om barna går i ulike barnehagar. Reduksjonen for det andre barnet er 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon i foreldrebetalinga.

Søknad 2018/19

Dersom det vert levert sønknad/krav om redusert foreldrebetaling i løpet av barnehageåret, vil ny pris fastsett i vedtak som hovudregel bli gjeldande frå etterfølgande månad.

Søknad 2019/20

Når skattemeldinga for 2018 føreligg i juni 2019, kan ein søke om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Dokumentasjon

Skattemelding/utskrift av likninga for 2017 må innsendast som dokumentasjon på inntekt. For næringsdrivande må utskrift av likning sendast inn/leverast som dokumentasjon.

Søknadsskjema redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid

Tilrettelegging i barnehagen for barn med 

nedsatt funksjonsevne

Barn med spesielle behov i førskulealder.

 

Spesialpedagogisk hjelp

Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter Barnehageloven §19a.

Det er foresette som søkjer om spesialpedagogisk hjelp, med hjelp og rettleing frå styraren i barnehagen eller frå PP-tenesta. (Pedagogisk psykologisk teneste: PPT)

Det må vere utarbeidd ei sakkyndig vurdering frå PPT som fastslår retten til spesialpedagogisk hjelp, og leiar i fagteamet fattar eit vedtak ut i frå denne vurderinga.

 

Tilrettelegging i barnehage

Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit tilrettelagt individuelt barnehagetilbud (Lov om barnehage § 19g.)

Det må søkjast om tilrettelegging. Føresette skal involveras i søkjeprosessen.

 

Saksbehandling

Søknader blir behandla kontinuerlig, men søknader som gjeld neste barnehageår, vil ein få svar på innan utgangen av juni.

 

Klagemulighet

Tildeling av ressursar til tilrettelegging i barnehagen og spesialpedagogisk hjelp, er eit enkeltvedtak etter Forvaltningsloven. Det kan klagas på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå svaret er mottatt. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen opprettheld vedtaket, blir klagen sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.