Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Plasten i resten

Frå nyttår skal du kaste plast i restavfallsdunken. Restavfallsdunken vert då tømt annankvar veke i staden for ein gong i månaden som i dag. Årsaken til dette er at IVAR har bygd et nytt sorteringsanlegg som sorterer ut plast mykje meir effektivt enn det kvar og ein av oss er i stand til heime.

1. januar 2019 vil det nye sorteringsanlegget til IVAR gjera jobben for deg med å sortera plasten. Matavfall og papir skal framleis sorterast i eigne dunkar. Metallemballasje kan også kastast i restavfallsdunken eller i dei ubetjente mottakspunkta som i dag.

Kor ofte skal restavfallet hentast?

Fortvil ikkje. Restavfallet skal hentast dobbelt så ofte som nå. To gonger i månaden blir restavfallsdunken med det grå lokket tømt. Der det er nedgravde containere, vert plastcontaineren bytta ut med restavfall. Ein kan kaste restavfall i plastinnkastet frå og med 1/1. Det vert også skilta om dette.

Kva tid får me nye matavfallsposar?

Utdeling av nye matavfallsposar og tømmekalender er snart i gang. Alle husstandar skal ha fått dette rundt 15. desember. På grunn av endra sortering vil du ikkje lenger motta sekkar for plastavfall. Dei som har eigen plastdunk med gult lokk skal heller ikkje bruka denne lenger. Denne er kjøpt og betalt av abonnenten sjølv og kan nyttast til andre føremål. Treng du fleire matavfallsposar, eller tømmekalendere, får du desse gratis i informasjonen i 1 etg. i rådhuset og i biblioteket som før.

Moderne og miljøvenleg

Det nye sorteringsanlegget til IVAR er det mest moderne anlegget i Europa. Ny teknologi gjer at plasten blir endå betre sortert enn om me skulle gjort det sjølv heime. Då vil mindre plast gå til forbrenning, eller hamna på avveie.

Har du for liten plass i restavfallsdunken eller papirdunken?

Då kan du kjøpa ekstrasekker for papir (20 kr) og restavfall (35 kr) på rådhuset. Frå nyttår opnar og Klepp kommune opp for at innbyggjarane kan kjøpa søppelmerke via Vipps. Søppelmerket vil bestå av eit ordrenummer som skrives på ein lapp/tapebit som klistres på sekken. Det vil kosta 35 kr.

Meir informasjon om dette vil koma på heimesida www.klepp.kommune.no og på facebooksida vår i god tid før nyttår.

 

Du kan finna meir informasjon hos IVAR: https://www.ivar.no/aktuelt/plasten-i-resten-article6628-805.html