Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Koronavaksine

På denne sida vil me fortløpande informera om korona-vaksinering i Klepp kommune.

Det er ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem til Jæren i første omgang, og dei eldste personane ved sjukeheimane våre er prioriterte. Deretter vil vaksinen koma puljevis nedover i alder for alle over 65 år og pasientar i risikogruppene under.
Det vil dermed gå fleire månader før siste gruppe med alle i alderen 18-64 år vil få tilbod om vaksine.

 

Korleis får eg vaksine?

For dei fleste er det ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra seg plass. Legekontora har oversikt over personar i risiko, og desse vil bli kontakta. Vaksinering vil først føregå ved dei fire legesentera i Klepp. Legesentera vil gje tilbod om vaksinasjon til alle sine fastlegepasientar. Du vil få innkalling per telefon eller SMS.

Sjekk at du er registrert med riktig telefonnummer, og oppdater din kontaktinformasjon på norge.no

Innbyggarar i Klepp som er over 65 år og har fastlege i Time, Sandnes eller Gjesdal og ikkje får vaksine der, må kontakta Klepp kommune på 51 42 98 00. Oppgje navn, personnummer og telefonnummer, så vil de bli kontakta med informasjon om kvar de skal bli vaksinert.

Frå slutten av april er det planlagt vaksinering i fleirbrukshallen på Vardheia ungdomsskule. Meir informasjon om dette vil bli publisert her.

 

Status:
Vaksinering av aldersgruppa 75-84 pågår.
Vaksinering av innbyggarar i aldersgruppa 85+ er fullført.
Vaksinering på sjukeheimane er fullført.

 

Informasjon til personar over 65 år, og 64-18 år med underliggande sjukdom:
Vaksinering for aldersgruppa 65-74 år startar i veke 14. Det gjør også vaksinering av gruppa 64-18 år med underliggande sjukdom med fare for alvorleg forløp.

Vaksinering vil føregå ved dei fire legesentera i Klepp. Innbyggarane blir kontakta med tilbod og time for vaksinering nå det nærmar seg deira tur.

 

Meir informasjon frå FHI