Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunestyreval 2019

Kommune- og fylkestingsval 2019

Klepp kommunestyre 2019 - 2023

Kandidatkåring pr. parti

Her kan du stemma på valdagen

Valdagen er (8. og) 9. september 2019

På valdagen må alle stemma i den kommunen dei er manntalsførte i.

Det er valfritt kva vallokale ein vil bruka.

Her kan du stemma på sundagen:
Sundag 8. september kl 14.00-18.00

Klepp rådhus, festsalen

Her kan du stemma på valdagen:
Måndag 9. september kl 09.00 – 21.00

Klepp rådhus, festsalen
Engelsvoll skule, gymsalen
Kåsenhallen
Orre samfunnshus
Bore samfunnshus (NB! Nytt vallokale i år).
Orstad huset

Hugs legitimasjon når du skal stemma og ta gjerne med valkortet. Du treng ikkje valkortet for å stemma, men det sparer deg for tid.

Kven har stemmerett?

  • Norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og er eller har vore folkeregistrert som busett i Norge har stemmerett.
  • Statsborgarar frå andre nordiske land som fyller 18 år innan utgangen av valåret, har stemmerett dersom dei er registrerte i folkeregisteret som busette i Norge seinast 30. juni 2019.
  • Statsborgarar frå andre land i verda som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Norge dei tre siste åra, har også stemmerett.

Førehandsstemming

I Klepp kan du førehandsstemma i biblioteket på Klepp rådhus frå måndag 12. august kl 10.00 til fredag 6. september kl 15.00.

Det er valfritt kva kommune ein vil førehandsstemma i.
På valdagen må ein stemma i den kommunen ein er manntalsført i.

Video - Slik stemmer du:

Opningstidenepå Klepp rådhus er:

Frå 12. til 16. august:

Måndag til fredag kl 10.00 - 15.00

Frå 19. august til 6. september kl 15.00:

Måndag til torsdag kl 10.00 - 18.00

Fredag kl 10.00 - 15.00

Laurdag kl 10.00 - 14.00

Førehandsstemming på Jærhagen

2. etg. sør - mellom Spotlight og Kristinas Systue.

onsdag 28. august kl 16.00 - 19.00

torsdag 29. august kl 16.00 - 19.00

torsdag 05. september kl 16.00 - 19.00

Førehandsstemming på institusjonar

Sirkelen: tysdag 03. sept kl 10.00 - 11.00

Kleppetunet: tysdag 03. sept kl 11.15 - 11.45

Kleppheimen: tysdag 03. sept kl 12.00 - 13.00

Heimestemming (ambulerande stemming):

Personar som på grunn av sjukdom eller eller andre helsemessige utfordringar ikkje kjem seg til eit vallokale på valdagane 8. eller 9. september, og heller ikkje til eit førehandsstemmelokale, kan søkja om å få stemma heime.

Valstyret må ha motteke melding om dette innan 2. sept. 2019.

Ring tlf 51429800 for å avtala tid.

Hugs valkort og legitimasjon når du skal førehandsstemma!

Står du i manntalet

For å kunna stemma ved kommunestyre- og fylkestingsvalet den 9. september, må du vera ført opp i manntalet.

Frå august og fram til valdagen er manntalet for Klepp lagt ut til offentleg ettersyn på biblioteket i Klepp rådhus. 

Dersom du nyleg har flytta, og melding om flytting ikkje er motteken i tilflyttingskommunen sitt folkeregister innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

På valdagen må du då stemma i den kommunen du flytta frå, eller så kan du førehandsstemma. Det er valfritt kva kommune ein vil førehandsstemma i. I Klepp kan ein førehandsstemma på biblioteket i Klepp rådhus frå måndag 12. august kl 10.00 til og med fredag 6. september kl 15.00.

Står du ikkje oppført i manntalet, eller om det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret i din kommune, så snart som råd. Valstyret vil behandla klager og retta eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk mogleg fram mot valdagen.

Spørsmål om manntalet kan rettast til tlf 51 42 98 00 / 95 28 15 30

Listeforslag

Valstyret i Klepp har den 24. april 2019 godkjent følgjande listeforslag til kommunestyrevalet i Klepp.

Valstyret den 24.04.2019 sak 2/19

Arbeiderpartiet

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger

Fremskrittspartiet

Høyre

Kristelig Folkeparti

Miljøpartiet Dei Grøne

Raudt

Senterpartiet

SV - Sosialistisk Venstreparti

Venstre

I samsvar med vallova § 6-7 blir godkjente vallister lagt ut til offentleg ettersyn på nettsida og på biblioteket.

 

Valstyret i Klepp

Det er medlemmene i formannskapet som er med i valstyret. Leiar er ordførar Ane Mari Braut Nese.

Adresse:
Valstyret i Klepp
Klepp kommune
Pb 25
4358 Kleppe

E-postadresse: postmottak@klepp.kommune.no

Telefon: 51 42 98 00 / 95 28 15 30

Lenker:

https://valg.no/

Valgloven

 

NB! Denne sida blir kontinuerleg oppdatert.