Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Vil du jobba i Jærskulen?

Jærskulen - bli med på laget

  • Jærskulen er eit framtidsretta skulesamarbeid der jærkommunane Hå, Gjesdal, Klepp og Time arbeidar saman for å utvikla den beste skulen for elevane og lærarane våre.
  • I Jærskulen arbeidar me heile tida med å auka læringsutbytte, sikra og utvikla eit godt læringsmiljø.
  • No søkjer me flinke lærarar som vil vera med oss i utviklinga!

Vi ønskjer godkjente lærarar
med sterk fagleg og pedagogisk kompetanse og som vil arbeida og utvikla seg på ein av våre 34 skular.

I Jærskulen får du:
• Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
• Arbeid i team saman med dyktige kollegaer
• Rettleiing i 2 år for nyutdanna lærarar
• Tilbod om etterutdanning og vidareutdanning
• Undervisa elevar som nyttar læringsteknologi dagleg.
Innan 2018 vil alle elevar i Jærskulen sine 34 skular ha eigen iPad eller chromebook.

Korleis søkja:
Du kan søkja ein eller fleire av skulane/ kommunane i Jærskulen.
Fullstendig utlysningstekst og søknad for kvar kommune finn du her:

Skular i Gjesdal kommune
Skular i Hå kommune
Skular i Klepp kommune
Skular i Time kommune

Søknadsfrist 1. februar 2018