Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Heile Rogaland ryddar

NRK Rogaland har invitert heile fylket til ryddeaksjon 27. april. Dette er eit godt og viktig initiativ som Fylkesmannen i Rogaland stiller seg bak – og me oppmodar dykk til å gjera det same.

Det skal ryddast langs strendene, fortaua i byane, i nabolaget, på turstiane, i barnehagen og rundt skulen.

NRK Rogaland utfordrar enkeltpersonar, skular, barnehagar, idrettslag og korps. Speidarar, firma, politiske parti, burettslag og kommunar. Kort sagt alle som vil – og ein bestemmer sjølv kor mykje tid og innsats ein vil leggja ned i dette. Ingen kan ta alt - alle kan ta litt!

Registrer deg

Alt du treng å gjera er å svara på nokre få spørsmål her. Det einaste NRK vil med det er å ha ei viss oversikt over kor mange som er med. I tillegg kan det henda at enkelte blir kontakta sjølve dagen.

Meir informasjon (NRK Rogaland).