Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Fullmånekonsertane 2020

AVLYST: Fullmånekonsertene i april, mai og juni 2020

Fullmånekonserten med The Real Neils 5. juni på Friluftshuset er dessverre avlyst på grunn av koronaepidemien. Ver venleg og ta kontakt med kulturavdelinga dersom du har spørsmål som gjeld dette.

 

Kvar månad ved fullmåne kl. 20.00 arrangerer me konsert i Friluftshuset ved Orrestranda. I Friluftshuset er det plass til 140 publikummarar. Billettprisen er 200,- pr stk.

Program          

Fredag 10. januar

Låvaberget frå Egersund har opparbeida seg eit solid rykte som eit friskt og humørfylt liveband. Repertoaret har heilt sidan 70-talet vært irsk og britisk tradisjonsmusikk, både på originalspråket og på egersundsdialekt.

Kjøp billett

Sundag 9. februar

”Frokost På Kafe”, ”Ikkje Vekk Meg Når Du Går”, "Himmelhøge sti" og andre låtar, har blitt spelt kontinuerleg på nasjonal radio sidan elle melle starta i 1994. Vokalist og pianist Odd Erik Ognedal og gitarist Svein Olav Hyttebakk er fortsatt med, og deira nyaste plate "Røvar" er like fengande som alt dei tidlegare har gjeve ut. I trioformatet er Jon Konrad Strøm med på keyboard, sax, perkusjon og kor.

Kjøp billett

Måndag 9. mars

Heilt frå 60-talet har Martin Carthy vært ein av dei viktigaste inspiratorane i britisk tradisjonsmusikk, og har påverka folk som Bob Dylan, Paul Simon og Richard Thompson. Han har spelt gitar og sunge i kjende band som The Watersons, Steeleye Span og Albion Country band. Ein legendarisk musikar!

Kjøp billett

Onsdag 8. april

Onsdag 8. april kommer Kjell Inge Torgersen til Fullmånekveldane i Klepp, i Friluftshuset på Orre, sammen med gitarist Kjell Harald Litangen.

Kjell Inge ble kjent for de fleste i 1997, da han vant den talentkonkurransen "Stjerner i sikte" og kom på 3. plass i den europeiske finalen. Han sang da Stings låt "An Englishman in New York". Stings musikk fulgte ham videre og avslørte nok et talent, evnen til fremragende nynorskoversettelser. I 2006 utga han albumet "Aks av gull" med 11 gjendiktninger av Sting-sanger.

Etter dette har det i hovedsak gått i originallåter, og i 2008 og 2017 ga han ut albumene "Gnist" og "Mudderlys", der spesielt den siste har fått mye radiospilling.

Torsdag 7. mai

De Musikalske Dvergene, som har 40-årsjubileum i år, starta opp som eit Kinks-coverband, med tekstane omsett til bergensk. Etterkvart laga dei eigne songar, underfundige og kvardagslege. Med unntak av nasjonale radiohits som "Marianne (Tempo Corvette)" og "Torsdagsfisken", har DMD vært eit hordalandsfenomen, dvs. heilt til no...

Fredag 5. juni

Neil Young er 75 i år, og The Real Neils er 20. I det høvet har dei laga ei multimediaframsyning; musikk, ord og bilete. Mektig materiale tolka på meisterleg vis.

Sundag 5. juli

Ei av dei største oppdagingane innan britisk folk i den seinare tid. Dei hyllar tradisjonen, samstundes som dei tilfører nye element, og dette endar opp som medrivande trampe- og klappevenlege låtar og gripande historier. Dei er frå Wales og Yorkshire, starta trioen i Beirut og nådde dei største scenane i Libanon, før dei tok Storbritannia med storm.

Kjøp billett 

Måndag 3. august

Perry Stenbäck fekk i 2019 nok ein gong Danmarks svar på Spelemannsprisen, som årets artist/instrumentalist. Han og hans 2 kvinne- og 2 mannssterke Dekadansorkesterns siste album får skamros av anmeldarane. Swingande, dynamisk, velspelt og sunge, og med røter i svensk visetradisjon.

Kjøp billett 

Onsdag 2. september

Arne Skage er mest kjend som gitarist i Reidar Larsens band og frå plater med Eriksen og Svein Tang Wa, men er i år ute med sitt eige album. Han er særskilt interessert i musikk frå Louisiana, og det meste av plata er spelt inn i New Orleans. Til Orre tek han med seg dei frå distriktet som best meistrar den stilen.

Kjøp billett 

Torsdag 1. oktober

Dei hardtslåande rockarane frå Klepp har det siste året konsentrert seg om ei akustisk tilnærming til musikken sin. Eit sideprosjekt der den elektriske lydveggen er skrelt vekk, heilt ned til nakne melodiar og tydelege tekstar. Dei har så kledd songane i kledelege klangar frå akustiske gitarar, piano og perkusjon. Eit kvileskjær fram til neste rockeinferno? Tja, dette er energisk på eit anna vis.

Kjøp billett 

Laurdag 31. oktober

Nok ein legendarisk, men framleis svært aktuell musikar. Trekkspel og song, trauste greier? Nei, ikkje når du er John Kirkpatrick, ein av folkrockens grunnleggjarar. 73-åringen blir rekna innan toppsjiktet innan britisk folkemusikk. Han har spelt i kjende band som The Albion Band, Steeleye Span og Brass Monkey og på plater med bl.a. Richard Thompson, Sue Harris, Martin Carthy, Nic Jones, på det vidgjetne folkedansalbumet Morris On og på 14 soloalbum. John speler melodeon, concertina og knappespel.

Kjøp billett 

Måndag 30. november

Med 12 album bak seg har sogningen Olav Stedje markert seg sterkt i norsk musikkliv. "Vi vandrar saman" frå debutalbumet er ein av Noregs største radiohits, og mykje av hans sofistikerte visepop tåler tidens tann. Han blei danka ut av "La det swinge" i Melodi Grand Prix-finalen 1985, men hans "Nattergal" er jo i dag eit mykje trivelegare gjenhøyr! Svein Dag Hauge, frå gruppa Lava, har Olav spelt med sidan første album.

 Kjøp billett

Onsdag 30. desember

Kjende Evert Taube-songar og historiar framført av eit kremlag! Songaren Nils Eirik Steinsbø er kjend frå Den Norske Opera og Det Norske Solistkor, Kristin Svendsen er revyartist, skodespelar og songar, Trond Lindheim er etterspurd pianist, arrangør og musikalsk leiar av musikaloppsetningar, konsertar og tv-produksjonar, og Sverre Kvam har lang fartstid i lokalt musikkliv, som danseband-, jazz-, teater- og studiomusikar.

Kjøp billett

 

Her kan du laste ned fullmåneplakaten

 

Årskort

Ynskjer du å kjøpe årskort og få redusert pris på konsertane og garantert plass gjennom året? Då kan du henvende deg til kulturavdelinga via kontaktinfo nedanfor. Me sel eit begrensa antal årskort pr år. Desse er opne for sal i perioden desember, t.o.m. februar. 

Kontakt

Tlf: 51 42 98 00

SMS: 40 43 62 48

Epost: fullmaane@klepp.kommune.no

Andre nettsider: Fullmånekveldane i Klepp og Kultur - Klepp kommune