Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Folkeavstemming på Orstad

Skal Orstad skule ha bokmål eller nynorsk som målform?

Dette spørsmålet blir det folkeavstemming om i Orstad Huset

måndag 11. september 2017 kl. kl 09.00 – 21.00

Kven har stemmerett?

- Norske og andre nordiske statsborgarar som er folkeregistrerte som busette i Orstad krins pr 30.06.17, og er fylt 16 år innan utgangen av året.

- Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrerte som busette i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen, er folkeregistrerte som busette i Orstad krins pr 30.06.17, og er fylt 16 år innan utgangen av året.

- Føresette som er busette i andre krinsar, men har elevar ved Orstad skule har også stemmerett og kan søka valstyret om å bli innført i manntalet for Orstad krins til denne folkeavstemminga. Søknadsfrist; snarast.

Manntalet for Orstad er utlagt til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på rådhuset og på Orstad skule.

Står du ikkje oppført i manntalet for Orstad krins, eller det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret snarast.

Valstyret vil behandla klager og retta eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk muleg fram mot valdagen.

Spørsmål om manntalet kan rettast til;
Klepp kommune: tlf 51 42 98 00 / 51 42 98 64

Førehandsstemming

Dersom du ikkje har høve til å stemma i Orstad Huset på valdagen, kan du stemma på førehand; i rådhuset på Klepp bibliotek.

10. til 18. august

mån., tys., tors. og fre

kl 9.00 - 15.00

 

onsdag

kl 9.00 - 18.00

 

 

 

21. august - 8. september

måndag til torsdag

kl 9.00 - 18.00

 

fredag

kl 9.00 - 15.00

 

laurdag

kl 10.00 - 14.00

Førehandsstemminga på Klepp bibliotek blir avslutta fredag 8. september 2017 kl 15.00.

Ambulerande stemming:

Er du sjuk eller ufør, kan du ta kontakt med kommunen og be om å få førehandsstemma heime.

Fristen er sett til 4. september.

Ta med gyldig legitimasjon når du skal stemma!

Det blir ikkje sendt ut valkort til folkeavstemminga.