Fleire bussar til toget
Frå 15. oktober kan ein ta buss til både nord- og sørgåande tog frå Klepp stasjon. Det blir også sett opp bussruter på laurdagar og søndagar.
Dette er eit samarbeid mellom Kolumbus og Klepp kommune for å gje spesielt jobbpendlarar og studentar eit betre tilbod.
Det blir 177 nye bussavgangar i Klepp. På kvardagar vil talet på avgangar tur-retur gå opp frå 42 til 67, og på søndagar vil talet gå opp frå ingen til 30 avgangar tur-retur. Laurdagar kjem det 22 nye avgangar tur-retur. Klepp kommune har gått inn med ekstra økonomiske midlar for å få dette til.
Rute 59 går frå Boreringen, gjennom Verdalen og Kleppekrossen og til Klepp stasjon. Dei nye avgangane vil gjera det endå lettare å setja bilen heime.
Rute 59 Boreringen - Verdalen - Kleppekrossen - Klepp stasjon