Vidaregåande opplæring for vaksne

Generelt

Beskriving

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande skole, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år. Denne retten kan i særskilte høve også gjelde ungdom som har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det dei kan få i vanleg skole.

Opplæringa skal tilpassast behovet ditt og byggje på den formal- og realkompetanse du har frå før.

Målgruppe

Vaksne f.o.m. 25 år. I særlege høve også unge i alderen 16 til 24 år.

Pris

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde eleven med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Opplæringslova §§ 4A-3 og 3-1.
Forskrift til opplæringslova §§ 4-36 til 4-45 "Særskilde reglar om opplæring organisert for vaksne" og kap. 6, særleg §§ 6-27 og 6-28 "Inntak og rangering av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring".

Lov

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Forskrift

Forskrift til opplæringslova

Retningslinje

Informasjon om endringer i opplæringsloven (rundskriv F-14-08)

Søknadsprosess

Mottaker

Fylkeskommunen

Behandling

Fylkeskommunen gjer vedtak om opplæringa. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.

Behandlingstid

Fylkeskommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagerett

Du kan klage på vedtaket om retten til inntaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Dersom du vil klage på andre forhold ved tenesta, er det klagenemnda i fylkeskommunen som er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune, Etat for skule og barnehage
  • Telefon 51 42 98 00
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

17.02.2012 14:09